Thursday, September 2, 2010

Makt i daglegvarebransjen: Er vi tvinga til å velje som vi gjer?

Kven som har makta i daglegvarebransjen er eit mykje diskutert tema, både i samband med Landbruks- og matministeren sitt kjedemaktutval og sist også på Daglegvaredagen i Ålesund. Er det kjedene, produsentane eller forbrukarane som har makta?
AC Nielsen opna seminaret med å peike på harde fakta:
  • NorgesGruppen er størst i Noreg med 40 % av daglegvaremarknaden
  • Coop ligg på andre plass med 24 %. Administrerande direktør Ola Strand var med på seminaret, og delte COOP sine planar for å bli større og mektigare
  • Reitan/Rema 1000 ligg på tredjeplass med 20 %
  • ICA er minst med knappe 16 %
Kjedene kjempar både seg imellom og med leverandørane, som på si side hevdar at dei blir tyna på pris. Ikkje minst i lavprissektoren går det hardt for seg. Lavpriskjedene har 51 % av daglegvaremarknaden i dag, og veks mest.
Kva dette gjer med valfridomen for forbrukarane veit alle som kjøper sitt daglege brød på Rimi, Rema, Kiwi eller Prix. I eit innlegg på seminaret kommenterte Thomas Hylland Eriksen (fritt etter Marx) at forbrukarane gjer frie val innanfor dei vilkåra som er gitt, men dei har ikkje valt vilkåra. Det er ei sanning med modifikasjonar – vi har vel ikkje akkurat blitt tvinga til å bruke lavpriskjedene så mykje at dei har tatt over halve marknaden utan vidare?
Eigenskapar som smak, kvalitet, variasjon, miljøvenleg produksjon og rettferdige vilkår for råvareprodusentar lokalt og globalt ser ut til å oppta norske forbrukarar i liten grad. Lav pris verkar meir ”tvingande”, sjølv om vi brukar minst av alle i Europa på mat – rundt 11 % av inntekta vår inkludert øl, mineralvatn og snacks.
Småskalaprodusentar utan mykje makt (avgrensa volum, dårleg distribusjon, høge produksjonskostnader) presenterer seg mellom anna på Bondens Marknad. Bur du i Oslo, ta deg ein tur til Vika Terrasen laurdag 4. september mellom kl 10 – 16. Smak og kjøp mat som aldri har vore innanfor ei kjededør. Kanskje opplever du at smak og mangfald tek makta over lommeboka og at du sit att med meir rikdom enn pengar på konto.
Foto: Niamheen/Flickr

No comments:

Post a Comment