Thursday, October 7, 2010

Medan forbruket av økologisk mat har vekse med 10 % første halvår i Sverige, ser norske forbrukarar ut til å vere lite interessert i økologisk mat. Frå eit allereie lavt nivå gjekk salet av økologiske varer ned hos oss i same tidsrom. Undersøkingar viser at vi trur godt om det konvensjonelle landbruket, og at fleirtalet meiner at mat som er produsert på ”vanleg” måte er like trygg, rein og næringsrik som økologisk mat. No viser imidlertid ein studie frå Washington State University at økologiske jordbær er sunnare enn konvensjonelle. Økologiske jordbær har til dømes eit høgare innhald av antioksidantar, og er dessutan meir haldbare. I tillegg er jorda dei veks i også sunnare enn jordbæråkrar som blir gjødsla og sprøyta på konvensjonell måte. Det er vel liten grunn til å tru at dette berre gjeld jordbær?! Les meir på http://www.oikos.no/newsread/news.asp?docid=12085&wce=aktuelt

No comments:

Post a Comment