Friday, September 24, 2010

Forbrukertilliten litt ned i september


Forbrukertilliten korrigerer litt ned

Consumer Confidence Indeksen for Norge (CCI) falt fra 10,7 poeng i august til 8,7 poeng i september. Tilliten er 4,6 poeng lavere enn september i fjor, men 16,2 poeng høyere enn bunnoteringen for 2 år siden.

CCI er et gjennomsnitt av forbrukernes forventninger til egen og landets økonomi, arbeidsledigheten og deres muligheter til å spare de kommende 12 månedene. Denne måneden er det delindeksene for arbeidsmarkedet og sparing som trekker CCI ned.

- Tilliten gikk solid opp i august. Det er derfor ikke veldig overraskende med en liten korreksjon ned denne måneden. Forbrukerne er fortsatt litt forsiktige, men optimistene er i flertall, sier makroøkonom Mari Paulsrud i Opinion.

Fortsatt god tro på økonomien

- Vi ser at forbrukerne fortsatt har god tro på egen økonomi fremover, sier Paulsrud
Både indeksene for troen på egen og landets økonomi var tilnærmet uendret denne måneden, og spesielt indeksen for egen økonomi er på et høyt nivå.

Noen flere enn i august tror på høyere arbeidsledighet, og noen færre ser det som sannsynlig at de vil spare fremover. Dette trekker CCI ned denne måneden.

Målingen er tatt opp 9.-16. september.
Kontaktperson: Mari Paulsrud, mp@opinion.no, tlf. 906 21 079

Tuesday, September 14, 2010

Digitalt hjertesukk

Livet kan by på uforutsette hindringer. I mitt tilfelle nå sist forkledd som en påloggingsrutine hos Skatteetaten. Som lovlydig, pliktoppfyllende og digitalt orientert borger ville jeg selvsagt gjerne melde mine korrekte boligopplysninger på nettet. Det var ikke lett. Etter å ha blitt kastet ut av systemet gjentatte ganger undersøkte jeg listen over FAQ'er. Der ble det henvist til 'PIN-kodelisten' som om det var en like vanlig og dagligdags gjenstand som melk eller brød. Jeg fikk en PIN-kodeliste i posten for ikke lenge siden, men den hadde en helt annen og nyere dato enn den jeg ble bedt om å oppgi PIN-koden fra.

Fortvilet stengte jeg ned nettleseren min, fant frem en konvolutt og puttet opplysningsskjemaet oppi. Men snurt og hevnlysten som jeg var klistret jeg en gul post-it lapp på skjemaet med følgende påskrift: "MinID-systemet har det elendigste brukergrensesnittet jeg har opplevd til dags dato!" :ol@G

Tuesday, September 7, 2010

Kva for språkhaldningar har du?

Rart spørsmål?
Språkhaldningar handlar til dømes om synet på dialektar, både eigen og andre sin. Temaet blir mellom anna utforska i eit doktorgradsprosjekt ved Universitetet i Bergen, der stipendiat Ann-Kristin Molde undersøkjer bergensungdom sine haldningar til austlandsdialekten. Opinion fekk høve til å bidra i prosjektet for eit par veker sidan gjennom å moderere fokusgrupper med ungdom som diskuterte dialekt generelt og bergensdialekten / austlandsdialekten spesielt. Pluss korleis dei ser på unge innflyttarar som legg om til bergensdialekt, og innflyttarar som ikkje gjer det.

I følgje ungdommane er dialekt viktig og positivt. Dialekten seier mykje om kven du er, kvar du kjem frå og kva du står for. Ungdommane er svært stolte av bergensdialekten (men synest ikkje han passar på TV, der blir han vulgær og breial). Dei likar ikkje austlandsdialekt, mest fordi dialekten representerer 'Bærum og Oslo 3'-arroganse.

Ut frå språkhaldningane som blei avdekka: Som innflyttar til Bergen bør du leggje om til bergensk. Gjer du ikkje det, vil omgjevnadene aldri sjå på deg som bergensar. Du skaper dessutan avstand ved å signalisere at lojaliteten din ligg andre stader. Du elskar ikkje byen – noko alle ekte bergensarar sjølvsagt gjer!

Thursday, September 2, 2010

Makt i daglegvarebransjen: Er vi tvinga til å velje som vi gjer?

Kven som har makta i daglegvarebransjen er eit mykje diskutert tema, både i samband med Landbruks- og matministeren sitt kjedemaktutval og sist også på Daglegvaredagen i Ålesund. Er det kjedene, produsentane eller forbrukarane som har makta?
AC Nielsen opna seminaret med å peike på harde fakta:
  • NorgesGruppen er størst i Noreg med 40 % av daglegvaremarknaden
  • Coop ligg på andre plass med 24 %. Administrerande direktør Ola Strand var med på seminaret, og delte COOP sine planar for å bli større og mektigare
  • Reitan/Rema 1000 ligg på tredjeplass med 20 %
  • ICA er minst med knappe 16 %
Kjedene kjempar både seg imellom og med leverandørane, som på si side hevdar at dei blir tyna på pris. Ikkje minst i lavprissektoren går det hardt for seg. Lavpriskjedene har 51 % av daglegvaremarknaden i dag, og veks mest.
Kva dette gjer med valfridomen for forbrukarane veit alle som kjøper sitt daglege brød på Rimi, Rema, Kiwi eller Prix. I eit innlegg på seminaret kommenterte Thomas Hylland Eriksen (fritt etter Marx) at forbrukarane gjer frie val innanfor dei vilkåra som er gitt, men dei har ikkje valt vilkåra. Det er ei sanning med modifikasjonar – vi har vel ikkje akkurat blitt tvinga til å bruke lavpriskjedene så mykje at dei har tatt over halve marknaden utan vidare?
Eigenskapar som smak, kvalitet, variasjon, miljøvenleg produksjon og rettferdige vilkår for råvareprodusentar lokalt og globalt ser ut til å oppta norske forbrukarar i liten grad. Lav pris verkar meir ”tvingande”, sjølv om vi brukar minst av alle i Europa på mat – rundt 11 % av inntekta vår inkludert øl, mineralvatn og snacks.
Småskalaprodusentar utan mykje makt (avgrensa volum, dårleg distribusjon, høge produksjonskostnader) presenterer seg mellom anna på Bondens Marknad. Bur du i Oslo, ta deg ein tur til Vika Terrasen laurdag 4. september mellom kl 10 – 16. Smak og kjøp mat som aldri har vore innanfor ei kjededør. Kanskje opplever du at smak og mangfald tek makta over lommeboka og at du sit att med meir rikdom enn pengar på konto.
Foto: Niamheen/Flickr