Thursday, July 1, 2010

Nidar i front!


Nidar er først i verda med å garantere bruk av berre rettferdig kakao i alle sine sjokoladeprodukt. Dette er banebrytande, ettersom andre leverandørar har eitt og anna etisk produkt som alibi overfor marknaden, men tek ikkje konsekvensen av utbyttinga som skjer av arbeidskraft og miljø i hovuddelen av kakaoproduksjonen. Redd for at prisen på sjokolade går opp? Kanskje, men bøndene lærer også betre agronomi slik at avlingane blir større. Større tilgong på sertifisert kakao = lågare pris. Verda blir litt betre, og vi kan glede oss enda meir over god sjokolade!